podcasts.eu.org

Tru og meining i gammal tid

by Eldar Heide

History

More by author

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. [email protected] Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining

Latest episodes

  1. 122. Korleis kan vi forske på norrøne tekstar? Samtale med norrønfilolog Mikael Males

    Korleis kan vi forske på norrøne tekstar? Om det er det faktisk formulert slåande lite – bortsett frå når det gjeld tekstkritikken, som prøver å koma fram til den eldste versjonen…

    1 h 46
  2. 121. Tanke, terminologi og stadnamn i eit nordnorsk fiskarsamfunn. Samtale med filolog og folkeminnesamlar Fin…

    Gammal terminologi og stadnamn er lite utnytta kjelder til tankegang i gammal tid. Her skal vi presentere eit utval ord, uttrykk og stadnamn knytte til sjøen på Andøya, på grensa m…

    1 h 45
  3. 120. Irsk mytologi. Samtale med keltolog Nicolai Egjar Engesland

    Irsk mytologi fortel om huldreland vest i havet, slag mellom gudar og demonar, gudinnetrioar, hamskifte, manipulasjon av tida, halshogging, kjelar som gjev nytt liv og evig middags…

    1 h 38
  4. 119. Labyrintar gjennom 3000 år. Samtale med forfattar John Kraft

    I Norden har vi mange hundre steinlabyrintar av gåtefullt opphav. Dei fleste er frå mellomalderen, men dei har samband med labyrintar i Sør-Europa som er fleire tusen år gamle. Dei…

    1 h 47
  5. 118. Knattleik – eit norrønt ballspel. Samtale med norrønfilolog Ugnius Vizgirda Mikucionis

    Det finst mange måtar å kaste bort livet på. Den eine er ballspel, og det hadde dei i Norden i mellomalderen, kalla knattleik. Kva slags spel var det? Kva var reglane? Kva slags ba…

    49 min
  6. 117. Heiden og kristen etikk i den islandske fristaten. Samtale med norrønfilolog Jon Gunnar Jørgensen

    Korleis prøvde ein å førebygge og løyse konfliktar i vikingtida på Island? Det gjaldt eit sett av normer om personleg ære ogfamilieære, alliansar, lojalitet og krav om styrke og ha…

    1 h 27
  7. 116. Thunder gods around the Baltic. A conversation with ethnolinguist Giuliano Gajetti

    In Northern Europe, traditions about Þórr, Ukko, Perkūnas, and other thunder gods lasted into modern times. The thunder god survived the shift to Christianity better than the other…

    1 h 29
  8. 115. Gullgubbar – små og gåtefulle. Samtale med arkeolog Laurine Albris

    Gullgubbar er bittesmå flak av gull, med stempla bilete av personar og ofte gjenstandar. Dei er frå 5-, 6- og 700-talet, og vi har funne bortimot 4000 av dei, frå store delar av Sk…

    1 h 46
  9. 114. Gammalegyptisk religion. Samtale med religionsvetar Pål Steiner

    Gammalegyptisk religion er blant dei eldste vi kjenner. Vi kan følgje han frå nesten 3000 før Kristus til rundt 500 etter. På den tida skjer det store endringar, og ein periode er…

    1 h 37
  10. 113. Ord og tanke i det førmoderne jordbruket. Samtale med agronom Arne Vassenden

    Som menneske er vi avhengige av å formidle til folk rundt oss kva vi driv med, kva vi har tenkt å gjera og korleis vi har tenkt det. Slik er det i moderne psykologi og IT, som har…

    1 h 37
  11. 112. Namngjeving hos inntrengarar. Samtale med namnegranskar Peder Gammeltoft

    Kva gjer folk for å få namn på stadene når dei kjem til eit nytt land? Gjev dei nye namn? Har dei med namn heimanfrå? Låner dei namn frå folk som bur der frå før? Kva skjer i så fa…

    1 h 24
  12. 111. Den tapte gullalderen. Fjellbygdene, jarnvinna og marknader i høgfjellet. Samtale med arkeolog Kjetil Lof…

    Fjellbygdene i Sør-Noreg hadde ein gullalder fram til rundt 1300, der marknader i høgfjellet spela ei stor rolle. Kvifor var det slik, og kvifor tok det slutt? Kva var det slags gu…

    1 h 47
  13. 110. Personnamn gjennom 2000 år. Samtale med forskar og kulturformidlar Krister Vasshus

    Korleis tenkte folk når dei gav namn til ungane sine i gammal tid? Var det annleis enn i dag? Meinte dei bokstavleg at Stein var ein stein, eller Bjørn ein bjørn? Kvifor heitte ing…

    1 h 40
  14. 109. Baldermyten – sentral og tungforståeleg. Samtale med formidlar Karen Bek-Pedersen

    Baldermyten er blant dei mest sentrale i norrøn mytologi. Balder er guden som døyr. Han gjer ikkje så mykje anna. Forskarane har tolka myten i mange retningar. Var Balder Kristus?…

    1 h 33
  15. 108. Frøy – fruktbarheitsgud, vernande konge eller begge delar? Samtale med religionshistorikar Olof Sundqvist

    Frøy var ein av dei viktigaste gudane i norrøn mytologi. Han blir tradisjonelt tolka som ein nokså reindyrka fruktbarheitsgud, ein som sikra god avling og velstand i samfunnet, med…

    1 h 37
  16. 107. Kva er poenget med namnegransking? Samtale med namnegranskar og språkhistorikar Kristin Bakken

    Kva er poenget med namnegransking? For å svara på det, må vi seia litt om kva namnegransking går ut på, men særleg må vi skissere korleis den og den namnegranskaren har jobba og te…

    1 h 27
  17. 106. Ganding i nordnorsk samtidskultur. Samtale med folklorist Stein Roar Mathisen

    I Trøndelag og Nord-Noreg er det mange enno som kjenner ein tradisjon om ganding, eller å gande. Det er noko samane driv med, tenkjer ein seg. Dagens tradisjon er utvikla frå den n…

    1 h 01
  18. 105. Mote i gammal tid. Samtale med arkeolog Espen Kutschera og etnolog Lena Eikeland Kutschera

    Var det mote i steinalderen? Korleis skifta moten gjennom dei ulike periodane i gammal tid? Kva dreiv utviklinga gjennom dei tusenåra vi kan følgje? Var det berre eit spørsmål om b…

    1 h 33
  19. 104. Oskoreia, Odens jakt, Das wütende Heer – indoeuropeisk arv? Samtale med arkeologane Anders Kaliff og Terj…

    I Nord-europa har vi eit vidt utbreidd kompleks av segner og skikkar runt jul og vinterstormar. I Noreg Oskoreia, juleskreia, julereia m.m., i Sverige særleg Odens jakt, i Danmark…

    1 h 10
  20. 103. Runer del 2. Intervju med runolog Kristel Zilmer

    Gammalnorsk rún tyder ‘løyndom’. Men kva er runer? Eit alfabet eller magiske teikn? Vart samfunnet skriftleg då runene kom? Eller var dette kunnskap for dei få? Visste du at det fa…

    58 min
Nothing playing
0:00 / 0:00